Beeing white Mzungo /Muno

Eg har aldri før følt meg så annerledes. Førestill deg at du har tatt på deg ein stor kyllingdrakt og byrjar å danse polka midt ut på Torgalmenningen. Det var litt sånn eg følte meg i sted.

Eg har nett kommen tilbake frå det største slummarknad i Kampala. Boda-sjåføren forstod ikkje at me skulle til sentrumsmarknaden og tok oss dermed til det største marknaden han kjente. Det var eit kaos uten like; mordariske motorsyklar, tusenvis av folk og kyllingar som flyge rundt ørane på ein. Lukten av kloakk, ekos og alt avfallet som ligg strødd overalt er overveldande. Ein søppelfylling i Europa ville vert reinslegare, men likevel både arbeidar og bor det folk her og stemninga er overraskande hyggjeleg. Det ville i alle fall ikkje vert så gale viss eg ikkje var så lys i huden, for på ein plass som dette lysar man bare pengar. Man er konstant omringa av folk som prøver å selja alt mulig frå bananar til underbuksar og mobiltelefonar. Me bevega oss nedovermarkedet og kom til bokvarteret i slummen. Barn leika i smuga, mellom dei små husa av blikk og murstein. Kloakkrennane ser ut som reine gidtige dødsfellar for alle disse små uskyldige. Når dei har spotta oss, stoppar alt opp. Nokre barn gjemmar seg bak nokre haugar med brennande avfall, andre er modige nok til å rope Mzungo, Mzungo! How are you!? Både vaksne og barn stirrar på oss medan me går forbi. Forholda rundt meg er fryktlege og eg følar meg nokså utilpass. Dette er kvardagen for mange i storbyens slum.

NOKRE AV BILETA NEDANFOR ER FRÅ KIBERASLUMMEN I NAIROBI

This slideshow requires JavaScript.

Muno i Gulu

Det er ikkje bare her i kampala eg har hatt slike opplevingar. Generelt sett er det å vera kvit i Afrika nokså rart. Av og til er det vanskelig, nokre gangar er det irriterande, men det kan også vera veldig hyggjeleg. Det kjem sjølvsagt litt an på kor man er, men generelt sett når man ikkje er i storbyen er det ikkje så mange kvite å sjå. Derfor er man alltid spesiell og får alltid ein hel del oppmerksomhet. Merekeleg nok veit eg litt korleis det er å vera kjendis når alle alltid ser på ein når ein går på gata og alt arbeidet rundt ein stoppar opp, det er ganske morsomt.

Stort sett har det vore veldig hyggjeleg å vera kvit i Uganda. Folk er nesten alltid vennlege, og alle har alltid lyst å snakka med ein. Når eg tidleg om morninga har pleid å gå på jobb møter eg store flokkar med barn som er på vei til skulen og dei fleste helsar med å sei Muno, how are you?(Muno er Mzungo på lokalspråket, som betyr kvit mann) Eller så seie dei bare Chiao fordi dei trur at alle kvite i området er italienske misjonærar. Går man bare rundt på dagtid kan man nesten ikkje gå 100m utan å høre Muno Bye! Muno chiao! Av og til ser man ikkje barna ein gang, man hører det bare frå ein plass i buskane, eller når man susar forbi på motorsykkel. Det er utroleg morsomt, og man blir med å seie, I’m fine, Thank you og bye  hundre gongar om dagen.

A white mans burden

Som kvit i Uganda får man også automatisk stor respekt, og man blir sett på som veldig viktig samma kor ung eller uviktig man eigentleg er. Man skal alltid ha det beste og det kan bli leit i lengden spesielt viss det går utover eller på bekostning av andre. Me var med til ein stor gudstjeneste i ein landsby ein gang der det skulle komme fleire viktige personar blant anna erkebiskopen og parlamentsmedlemmar. Bare fordi me var kvite og utanlandske blei me behandla som kongar, nesten betre enn parlamentsmedlemmane, og skulle sjølvsagt ha lunsj saman med erkebiskoppen. Det heile var ein sær opplevelse.

Det er derfor man ofte snakkar om a white mans burden. For det kan ganske ofte vera at man kjem i irriterande situasjonar bare fordi man er kvit. På mange måtar følar man at man ikkje fortjenar den særbehandlinga man får og at det ofte er vanskeleg å bli likestillt med lokalbefolkninga. Heldigvis er dette bare eit problem når man kjem til nye plassar, for i vårt eige nabolag var me vanlege og litt meir på lik linje med dei andre. Me skulle for eksempel til ein konsert ein dag, og det var ein lang kø for å komme inn. Me stillte oss bak i køen men ein gang kom politiet og henta oss fram for at me skulle slippe inn. Alle dei lokale synes dette er heilt vanleg, men for oss føles det heilt feil. Slike situasjonar har ein ofte og man får dårlig samvittighet. Verst samvittighet fekk eg ein dag da me skulle betale dobbelpris i ein matatu for at me ikkje skulle sitte så trangt.

Inni er me like

Det kan også vera litt vanskeleg at alle trur at bare fordi man er kvit så er man rik. På mange måtar er det jo sant fordi me er relativt rikare enn dei fleste i Uganda, men det kan vera vanskeleg for lokalbefolkninga å tru at me ikkje har store pengesekkar som me kan dela ut frå og gje til alle. Mange kan hellar ikkje tru at eg har måtte jobba lenge for å spare opp til reisa til Uganda og at eg ennå er student. Sjølv om eg på arbeidet har sagt mange gongar at eg fortsatt går på skulen så trur mange at eg har universitetsutdanning og trente lærarar kjem bort til meg for råd…Mange afrikanar er også fortsatt overbevist om at kvite er både smartare og betre i alt enn dei sjølve. Slike ting er ikkje enkle å forholde seg til. Forskjellen mellom fattig og rik kan verkeleg  vera stor av og til. Ved å vera i eit utviklingsland som Uganda får man verkeleg satt ting i perspektiv.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Mysterious disease and a hard loyalty conflict

Det er ein kjølig aften, kanskje litt over  tjue grader og eg sitter og hører på storbyens trafikkkaos og diskotek i det fjerne medan eg ser sola går ned bak to av dei fem bakkane som Kampala er bygga på. Det har vore ein merkeleg veke. Eg har vert nødt til å forlate Gulu og nordområdet og dra sørover til kampala ein par dagar tidlegare enn planlagt på grunn av utbruddet av ein mystisk sjukdom som no visar seg mest sannsynleg å vera farleg lungepest. Heile situasjonen rundt denne sjukdommen har ikkje  vore enkel å forholde seg til.

Det heile byrja når me for  to vekar tilbake såg ein liten notis i avisa om at det var utbrudt ein mystisk sjukdom i distriktet nord for Gulu som hadde tatt livet av 9stk. Man frykta at det kanskje var ebola, ein svært farleg sjukdom som ramma dette området for nokre år tilbake og tok mange liv. Litt smånervøse ville me følgje med på situasjonen men det kom ingen nyhende. Livet i gulu gjekk vidare som vanleg, det var eksamenstid og eg trossa ein steikande sol og støvete veiar til å forbereda elevane for siste innspurt. Sa var det ein kveld der eg var ute og prøvde å få fyr på kolet i vår vetle steinovn medan eg såg på nyhetene gjennom den opne døra. Media hadde vert stille som grava om den mystiske sjukdommen, men no var det eit stort oppslag. Sjukdommen hadde spredd seg til nabodistrikta, tatt livet av 38stk og var ennå uidentifisert. Dei hadde luka ut ebola, marburg, congo crimean fever og typhoid, men mistenkte at det kunne ein form for pest.

Dei neste dagane prøvde me å skaffe meir informasjon og vurdere kva me eventuelt skulle gjøre. Problemet var bortsett frå den eine nyheita var det ingenting i media, kvifor veit me ennå ikkje, men det kan vera at myndigheita ikkje ville skapa panikk og gjera ein stor sak ut av det. Me fekk mykje motsigande fakta og råd frå ulike kjelde som burde vera pålitlege, som feks media, representantar frå WHO, utenlandske legar på sjukehusa og ambessadar.Alle har sin meining om kva det er, kor alvorleg det er osv. Viss det først er eit utbrudd av pest kan det vera veldig farleg, den sprer seg fort og dødsraten er ektrem uten behandling. Det gode ved pest i forhold til ebola er at den kan behandles med antibiotikum. For meg var det nytt at pest var ennå så utbredt, men det er tydelegvis ennå utbrudd av og til, feks var det eit utbrudd i Kina i fjor. Det var vanskeleg åvite kor alvorleg situasjonen var for oss i gulu, for det var ennå ingenting i vårt område, men det kunne likevel komme. Man er heller ikkje sikker om det kjem noko karentenesone ved slike epedemiar. Mandag fekk me så veta frå forskjellige kjelde at det var lungepest, men dette vart først offentleggjort i ein liten nyhet tysdag. Situasjonen var litt småskummel.

Den opprinnelege planen var at me skulle til Kampala søndag og derfrå dra på ei rundreise ei veka i sør-Uganda før heimreisa til Noreg. Eg måtte no vurdera om eg ikkje skulle til kampala tidlegare pga sjukdommen. Organisasjonen som eg arbeidar for var ikkje så redd for at det skulle bli farleg, men tilbaud oss å dra sørover viss me ville. Nokre andre NGOar blei også evakuert og ambessaden anbefalte ikkje lenger folk å vera i nord utan grunn. For meg var det eigentleg ikkje so mykje som stod i veien for å dra tidlegare for eg hadde gjort ferdig mitt skikkelege arbeid på skulen på fredag og skulle bare arbeida på barnehjemmet den siste veka, likevel var det ein del ting som gjorde valet vanskelig.

Det første var kanskje uvissen om at man ikkje heilt viste kor alvorleg det var og at risikoen med å bli drept i trafikken i kampala verka mykje større. Ser man objektivt på det gjer det liten meining fordi man ikkje treng å utsette seg for ein unødvendig risiko, og fordi det faktisk er farleg, men akkurat der og då var det likevel eit poeng i og med at me eigentleg ikkje hadde lyst å dra og ikkje ville bli redde. Me skulle likevel sei farvell til familien og livet i Gulu på søndag men å velja å framskynde det var ikkje enkelt og trist. Etter å ha bodd i Gulu to månadar har eg blitt veldig vant til livet der og knytt til alle dei fantastiske folka.

Meir problematisk var kanskje at eg sleitein del med ein loyalitetskonflikt med meg selv overfor den vanlege befolkninga i Gulu. For eg har mogleiken til å dra men det har ikkje dei. Og selv om me drar så går det vanlege livet bare vidare. Man vil verkeleg ikkje at det skal skje noko meir i det området som allereie har vore gjennom så mykje vondt og med alle folka ein kjenne. Ein anna ting er signalet man sendar ut når mange kvite “flykte”. Folk i Gulu er generelt ikkje bekymra i det heile tatt, men selv om dei hadde vore det hadde dei ikkje kunne gjort noko likevel. For dei er det på mange måtar betre å ikkje vera redde. Dette gjorde likevel situasjonen ikkje noko enklare for oss. På ein anna side kan det også vera eit problem at befolkninga blir så lite bekymra for slike ting; for som WHO seie at den største grunnen til at så mange dør ved slike sjukdommar i utviklingsland er at folk veljar å ta tinga og forhåndsreglane lite seriøs. Når myndighetane så i tilleg opplysar lite skjer ting veldig treigt. Afrikanarar generelt har ein meir ein fatalistisk holdning, som betyr at at dei akspterar katastrofar og ulykkar meir flegmatisk enn me frå vesten gjør. Det er vanskeleg å forholde seg til.

Eg valte å dra til kampala onsdagmorning for å vera på den trygge sida, og er no ganske nøgd med den avgjersla sjølv om det føles litt rart. Det har ikkje vore nokre nye tilfelle sidan fredag, men det er fortsatt spennande kva som skjer og me skal følge med. Eg hadde heile tysdagen til å sei farvel til familiane og folk i nabolaget, og det var ein fantastisk dag. Eg kjem til å sakna mitt liv i Gulu, men er ganske sikker eg skal tilbake ein eller anna gang, og kan verkeleg anbefala alle om å dra dit eller å gjera frivilligt arbeid som eg har gjort.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Life as a teacher

Dei siste to månadane har eg gjort frivillig arbeid som lærar her I gulu, Uganda. Det heile har vore ein fantastisk spennande, morsom og hyggjeleg oppleving, men også utfordrande og tøft til tidar. I går var siste skuledag før den store sommar/vinter/tørketid-ferien så no passar det fint å skrive litt om arbeidet eg har gjort, situasjonane eg har kommen opp i, utfodringane eg har møtt, skulesystemet i Uganda og mine sta og snille elevar.

Eg har arbeida på St. Jude Primary School, ein relativ liten privatskule med ca 300 elevar i klassane P1-P7. (Etter 7 år i primary fortsettar man med 6 år på secondary før man kan begynna på Universitet) Skulen er i tilknyting til barnehjemmet eg også har vert litt som er i tilknyting til den katolske kyrkja. Foreldra må likevel som i dei fleste skular her (også nokre offentlege skular) betale skulepengar som er eit problem for mange.

Daily necetesies of a teacher; red pen, nice shirt, cup of coffee/tea, patience, good/bad humour, creativity and a truckload of chalks

Etter ein dags observasjon byrja eg å undervise mattematikk og engelsk i P5 og p6, dette blei mine klassar og eg delte faga med to andre lærarar. Elevane var på ein alder frå 10-15, men eg ville samanlikna nivået på pensumet med det som blir undervist i 7-8kl i Noreg men faktisk også  matte som man heime først lærar på slutten av ungdomsskulen. Det var omlag 40 i kvar klasse noko som er veldig lite samanlikna med statsskular der man har mellom 100-120 i eit klasserom som ikkje er større enn eit vanleg norsk klasserom. Eg fekk bøkar og pensum og resten var opp til meg. Eg byrja å undervise i diverse grammatikk, geometri og algebra. Til å begynna med var eg veldig imponert overt kvaliteten og nivået på pensumet, spesielt engelsk, men det er sjølvsagt fordi man det er offisielt språk og man byrjar tidlegare. (her er det store forskjellar desto lengar man kjem ut på landet). Det var bare å ta fatt i krittet( noko som eg hadde eit ekstremt forbruk av fordi dei heile tida knekke), lære å skrive fint på ein tavle og pumpe barna med viten. Elevane synes sjølvsagt det var veldig spennande med ein høg kvit fyr som underviste dei og det det var utroleg kjekt. Eg underviste, elevane gjorde oppgaver og eg retta. Sjølv om eg ikkje har noko utdanning som lærar, var eg plutseleg blitt transformert til fullverdig lærar, og folk hadde vanskelig med å tro meg når eg sa at eg ikkje var ferdig å studera. Eg glei fint i rolla bådde i lærarmiljøet på pauserommet og i skulegården der eg sjølvsagt gjekk rundt med ein rød penn i skjortlomma og kaffi/tekoppen i handa og såg på, snakka med eller leika med barna. Eg vil ikkje skryte men det var veldig kjekt og flott å høre når elevane sa at dei likte min undervisning og mine forklaringar.
BLOGGEN FORTSETTER UNDER BILETA

Meg i min P6-klasse

Kunnskapsformidlar

Arbeidet som kunnskapsformidlar og mentor var så ikkje bare ein dans på rosar for ettar ein par dagar kom frustrasjonane. Det første var følelsen av at eg ikkje gjorde den store forskjell, fordi det føltes som eg bare erstatta andre læarar som ikkje gjorde noko nyttigt, og det ikkje var eit stort behov. Dette var vanskeleg i nokre vekar, men seinare skjænte eg at eg likevel gjorde forskjell ved å vera anleis enn dei andre, og fordi ein lærar blei sjuk og mange i alle fall halvparten av tida ikkje møtte opp. Dette heng saman med den andre frustrasjonen og det var arbeidsmoralen til nokre av lærarane, og det at det ikkje gjorde noko at elavane ikkje har lærar anten fordi læraren er vekke, er sein eller ikkje er ferdig med å drikke sin te. Heldigvis var det også nokre lærar som var flinke og som brydde  seg om elevane.

Good morning class!

Den tredje var den fullstendig fraværande organiseringa, manglande planlegginga, systema som ikkje heilt fungerar og at lærane av og til er nokre fjols. Man har altså timeplan på skulen, men denne blir sjelden fulgt, man kan finne ein anna lærar i klassen når man skal undervise, man går bare når det passar og av til sitter bare klassen mange timar utan lærar. African time er også eit problem. Og folk veit ikkje heilt kva som føregår, ein lærar seie feks det er midterm-exam i morgen, spør man ein anna så veit han ikkje om det, eller det er godt mulig. Spør man ein tredje lærar somn har samma klasse så seie han det er ein god ide. Spør man om det ikkje er vanleg undervisning seie dei jo det kan du godt, eller kanskje ikkje, bare viss du vil, nei, jo…. Heldigvis kan man tilpasse seg alt dette man venne seg til det og det blir førstemann til mølla prinsipp med at man undervisar i sitt fag når klassen er ledig.

Teacher Teacher!

Å gjera barn kloke er ikkje like lett som å melka geitar, det kan overraskande nok vera litt utfordrande. Ein av dei første utfrodringane eg såg tydeleg var lærenivået. Pensumet var bra og lærarane kunne det, men likevel lærte hadde ikkje elavane lært so mykje. For på prøven gjorde mange da ekstremt dårleg. Kor gjekk da galt? Eller la man rett og slett lista for høgt for tidleg?

Det er forresten ganske spesielt å hjelpa å retta prøvar, for man sitt faktisk med ein del skjebnar i hendar, og man får også sjå mange morsomme og rare svar. 2h+4k=2h+4k=2h+4k=2h+4k=.. eller eit spørsmål der man spør What did Stephen take home after shopping? (kor mykje pengar han til overs) Svar: He took his things back home…

Sir Sir!

Ein av dei største utfordringane var variasjon i undervisninga. Lærarane her undervisar stort sett på same måte heile tida, med tavleundervisning og oppgaver, og eg trur at elevane kjedar seg fort og dermed lærar mindre, spesielt i ein så ung alder. Å variere undervisninga var ikkje so lett spesielt ikkje i matte og engelsk grammatikk, og det  var også vanskeleg å få elevar til å gjera nye ting. Eg prøvde litt med gruppearbeid, konkurransar, leikar som rette eller gale, bingo, hengmenn, diverse typar energizers osv. Nokre ting fungerte veldig bra andre mindre bra. Ein ting eg skulle øsnak eg hadde gjort meir som eg i etterkant ser at dei kunne blitt trent meir på var å trene munnleg aktivitet som framføringar og debatt. Ein stor sukses har vert dei gongane eg har lært dei litt norsk språk, fortalt dei ting om Noreg og vist dei bilete frå Noreg.  
Den nest største utfodringa mi har kanskje vert det at eg ville prøve å vera annleis enn dei andre lærarane, og kanskje inspirera og motivera elevane. Feltet der eg kanskje har vert mest anleis og som er ein standard utfodring for lærar er det med disiplin. Klassemiljøa er heilt like i afrika som i Noreg, man har tullebukkar, smiskere og bråkmakarar. Når eg etter ein par veke ikkje var fullt så ny og spennande lenger var det ikkje alltid like lett å holde styr, spesielt ikkje fordi eg ikkje ville følgje den afrikanske tvugne disiplinen og avstraffinga.

The problem of punishment……

Dette med avstraffing har det nemlig vore litt vanskelig å forholde seg til. Det er ein svært tvungen disiplin i skulen og avstanden mellom lærar og elev er ganske stor. Fysisk avstraffing er blitt forbudt ved lov i Uganda, men det er likevel utroleg utbredt, spesielt i nord. Elevane blir ganske ofte slått med små greinar, både i timen og som straff for diverse ting. Som oftast er det  piskeslag, men av og til blir dei slått hardare dersom dei har gjort noko alvorleg galt. Eg har kommen i eit rom ein gang der det låg ein elev på golvet og gråt mens ein lærar kjefta og slo men ein bambuspinne. Det er også fellesavstraffing der elevar må stille seg opp i rekke og få eit slag på leggen anten dersom dei har kommen for seint, har glemt å ta med oske til latrinen eller har snakka for mykje Lwo. Det har vore vanskeleg å forholde seg til dette og eg har prøvd å diskutera det med lærarane. Desverre klarar man som enkeltperson ikkje å endra ein tradisjon og system som er utbredt i eit stort område. (man kan tenke seg at det er litt som europa i gamle dagar) Også er lærarane overbevist på at det er den beste metoden, at elevane ikkje lærar utan avstrafning, og at det ikkje finnes gode alternativ. Det er ein vanskeleg diskusjon og selv om man kan vise til studier om vold i barndommen og korleis det kan påverke folk, og alternative måtar er det ikkje enkelt, fordi det faktisk er effektivt. Det er hellar ikkje enkelt å komme her å dra ein vestleg mentalitet over ørane på folk, sei kva som er best og framskynde denne utviklinga mest mogleg. Det erlikevel rart at man slår så mykje i eit område som har opplevd så mykje vold og grusomheter blant anna med barnesoldatar, for man merkar at det gjer noko med folk og barna lærar også at det er vanleg å slå andre barn. Faktisk har eg snakka med nokre av mine elevar om fysisk avstraffing og selv om dei ikkje likar det, så er dei overbevist om at det er nødvendig og slår selv også andre mindre barn dersom dei skal kontrolera dei.

Det har vore spesielt tungt ved tilfellar der små barn og babier har blitt slått av voksne, anten fordi dei gjer noko galt eller kanskje ikkje sluttar å gråte. Ein baby på eit år kan jo ikkje forstå så mykje, og når ein mor så slår barnet etter att ho har sagt fleire gongar at den må slutte å gråte og oppføre seg som den gjer, så veit man ikkje heilt kva man skal gjera. Også dei handikapa barna på barnehjemmet blir av og til straffa hardt og eg har sett at barna lærar av det fordi dei er av og til ganske voldlege mot kvarandre npr det gjeldar å få dei beste leikane.
BLOGGEN FORTSETTAR UNDER BILETA

This slideshow requires JavaScript.

Tenka sjæl!

Tilbake til undervisninga så er ein anna ting at man i den afrikanske skulementaliteten er utroleg god på å svara på spørsmål og terpar på gjentakelse og pugging. Læraren seie noko og elevane gjentar det i kor,og lærarane snakke heile tida i form av spørsmål. Dette fungere greit nok i fhold til prøvar, men fokuserar ikkje i det heile tatt på å lære å tenke selv, fundera på ting, eller å produsera ting. Å be dei om å skrive ein liten kort fortelling uten spesifikke guidelines er nokså utfrodrande. Man stillar sjølvsagt ikkje store krav for dei er ikkje så gamle, men eg kunne likevel merke ein tydeleg forskjell frå europeiske skular i undervisningsmåte. Eg prøvde dermed eit lite prosjekt der eg snakka litt om fairytales, shortstories og imagination istede for terping på gramatikk. Ikkje ein gigantisk suskes desverre.

Eg har elles vore med på ein del spesielle situasjonar. Ein gang etter morgensamlinga (som liknar oppstillinga på ein militærleir) og synginga av nasjonalsongen så blei halvparten av elevane sendt heim fordi håret var langt. Dei kan ha maks ein par millimeter både jentar og gutar, og dei som hadde for langt hadde kanskje 1cm. Alle måtte shavast før dei fekk komme tilbake. Så hadde eg ein gang ein elev som fekk neseblod i timen som var utroleg vanskeleg å stoppe og eg måtte ein gang avverge ein heftig  krangel i klassen. Lærarrommet har forresten bare vore eit galehus som man godt kan laga ein såpeserie av. Der sittar lærararne og drikke te, eta chapati, tullar med kvarandre som små barn og diskuterar alt frå sex til fotball.

Communication for understanding, world letters

Eg har også jobba med eit kommunikasjonsproejkt som eg håpar blir bra. Eg har vore rundt og besøkt fleire skular i området,  der eg har vore i klassar, fortalt ting om Noreg, vist bilete, snakka om kultur, geografi, klima osv. Barna synes det er veldig spennande så eg vill sette opp eit brevprosjekt der elevar frå dei forskjellige skulane her får seg brevvennar i Noreg, først og fremst på Tysnes og Stord. For barn i denne alderen kan det nemlig være vanskeleg å førestille seg eit liv så annleis fr å sitt eige og dei synes det er utrulig kult å skrive til noko i utlandet. Gjennom brevskriving kan dei få ein slags global forståelse og samstundes trent engelsken. Det er eit spennande prosjekt som eg trur kan bli bra dersom eg bare får nok vennskapsklassar i Noreg.  Eg kjem i alle fall til å reisa heim med ein par hundre brev!

Evaluation: Great, but not any longer for me I think..

No som eg ser tilbake på det, har heile perioden vore great, men eg trur likevel ikkje at læraryrket er noko for meg. Det har vore kjekt å prøva, men ikkje noko eg kunne gjort lenge. Eg trur nok at eg kjem til å sakna elevane, for eg har fått ganske god kontakt med mange. Dei beste opplevingane eg har hatt det trur eg er den dagen eg fekk elevane til å skriva om sine framtidsdraumar, noko som var utroleg interessant, og avslutningsdagen. På avslutningsdagen hadde me fotballkonkurransar mellom elevar og lærarar (sykt tungt i solsteiken og me blei slått kraftig) og me gjorde skuleplassen om til eit diskotek med store høytalarar. Me dansa med barna hadde deretter ein litt småtrist avslutning med talar frå lærarane. Det kan av og til vera vanskeleg å veta kor stor forskjell man har gjort ved det arbeidet man gjer, men eg veljar likevel å tru at eg har vert til noko forskjell for ein del av barna og i alle fall har gjort dei glade av og til. Utddanning er den viktigaste veien til utvikling og eit betre liv for mange.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Dei tinga me tar for gitt

Her kjem litt meir om korleis eg bur. Det er ganske stor forskjell frå vår famile og hus og naboen sitt. Våres “mor” er feks eigentleg frå ein anna plass og snakkar ikkje det samme stammespråket som dei andre gjer her. Det finnes nemlig fleire titalt stammespråk i Uganda og engelsk blir brukt som Lingua Franca. Me er også delvis heldige at me gjer alt saman i familien, lagar mat, vaskar opp osv. Medan dei hos naboen meir er gjestar og får servert ting. Eg er veldig glad for dette, bortsett frå at det til tidar er litt tungt med klesvasken. Å vaske alle kle for hånd er eit tungt og utroleg tidskrevande arbeid, prøv å vask feks eit laken! Ting som me i Noreg tar for gitt eller  små dagelege oppgavar kan her ta lang tid og vera mykje abried. Klesvasken er eit eksempel på det, men også det å laga mat og henta vatn er daglege ting som tar lang tid. Mange ting me tar for gitt i Noreg finnes ikkje her eller er ekstrem luksus. Lett tilgang til vatn er kanskje det beste døme det. Det er sjelden at det er mangel på vann her i området som eg er, men det er få plassar der eit vannsystem er utbygd. Mellomklassen har kanskje kraner i hagen som dei hentar vatn frå, men dei fleiste hentar frå pompar og borehol i området. Det betyr at man må gå nokre hundre meter kvar dag med tunge kanner vatn.det er heilt utroleg korleis mange kvinner og jenter klarar å ballansera sånne store 20l kanner på hovudet! Eg har prøvd å bera vatn på hovudet sjølv, og det endte med at eg dusja meg sjølv samstundes. Man lærar å sette pris på dei små tinga i kvardagen. Eg har blitt godt vant til livet her men man blir likevel glad dersom man ein dag får sove i ein skikkeleg seng, får seg noko kaldt å drikke, får ta ein dusj kjem ut av eit rør, får tak i godt stykke sjokolade osv. Av og til lurar eg på om eg har blitt meir luksusavhengig av å vera her enn før. Eg kan nemlig nesten ikkje ta ein tur til bysenteret utan å gåpå den einaste kafeen der man kan få milkshake. Men utan noko tvil; eg elske Afrika! Kunne godt tenkt meg å vera her så mykje lengar!

Huset eg bur i er elles ganske flott; bygget av murstein, med flisar og kjøkkenbenk, men det einaste som manglar er møblar. I stova har me nokre putar, eit teppe, og ein par små krakkar. Ingen stolar eller bord, men me har derimot fjernsyn og dvdspillar. Gleden var stor da me i går plutseleg fekk eit lite stovebord av glass. Generelt sett bor me eit ganske rikt hus, med gode forhold. Me har ikkje sengar, men madrass på golvet og det funke fint! Eg har laga noko flotte konstruksjonar til å holde mitt myggnett oppe. Husk å aldri reise langt uten gaffateip og tråd! Naboen sitt hus er litt mindre fint enn vårt, men dei har derimot ganske mange møblar :p.

Sanitair the african style
Dusj og vannklosett er geniale oppfinningar som har gjort livet mykje lettare, men det fungerar faktisk heilt fint å gjera sitt på ein meir primitiv måte. Toalettet vårt er ein latrin som er slags utedo, med bare eit hol ned i jorda. Det er fint at man får trent lårmusklane godt ved å bruka latrinen, men det er også fint at det er eit skikkeleg toalett på jobben min sånn at man kan sette seg ned når man har litt laus mage. Latrinen er også ein slags zoologisk heim for diverse dyr som feks. gekkoar som gjer toalettbesøket veldig interressant.
Eg er så heldig at me faktisk har eit flisa bad inne i huset. Her fyllar man vatn i ein balje som man så hellar over seg med ein kopp. Det fungerar greit nok, og det er verkeleg fantastisk dei gongane eg bestemmer meg for å varme noko vatn før eg dusjar. Naboen sin dusj er derimot mykje meir sjarmerane fordi det er eit lite skur av bølgeblikk i nakkehøgde. Der kan man stå ute og helle vatn over seg medan man ser på anten den fantastiske soloppgangen om morninga eller ein utroleg stjernehimmel om kvelden. Det er også veldig sosialt for man slår alltid an ein prat med dei som er i skuret på vei til latrinen og dusjskuret ligg rett ved sida av ein vei der alle barna går på vei til skulen. Det er ganske morsomt å sjå eit kvit hode som stikkar ut over blikkskuret tidleg om morninga. Eg trur verkeleg eg skal byrja å dusje ute av og til når eg kjem til heim til Noreg for det er så hyggjeleg. Litt problematisk når eg har fått høre at det er minus ti grader heima.

This slideshow requires JavaScript.

Sol inne, sol ute

Ei kveld for ein stund sidan hadde eg ei anna veldig fin badeopplevelse. I regnsesongen som nettop har slutta var det nemlig alltid varmt om dagen åsså regna og tordna det nesten kvar kveld. Og når det først regnar så er det så ekstremt at man blir gjennomvåt på få sekundar.Torden og lyn er hellar ikkje som heime,dett er bare hundre gongar kraftigare og så mykje at himmelen er konstant opplyst som om man er i eit diskotek med sånn kraftige blinkande kvite lys. I eit sånt vær velte me ein dag å løpe ut i badeshort og bada i regnet, det var heilt fantastsisk! Og som ved mange andre tilfelle dei siste månadane fungerte me som dagens underholdning i nabolaget.
No i skrivande stund har tørketida byrja, den andre an to bare to sesongar i ekvatorområdet. Denne har faktisk flytta seg ein par månadar dei siste par år, noko som har gitt trøbbel for mange bøndar i Uganda. Jordbruket i Uganda blir delt opp i to delar cashcrops and foodcrops. Foodcrops er alt man dyrkar for eiga bruk og til lokalt sal, og cashcrops er det man dyrkar i store mengdar til eksport. Mesteparten av eksportjordbruket finn man i sørlege og vestlege Uganda rundt Lake Albert og langs Nilen. Dei vanleggaste jordbruksprodukta frå Uganda er kaffi, te og bomull. Ugandisk kaffi smakar veldig godt, og eg har håp om å få tak i norke ferske frø/bønner til å plante ei kaffiplante heime i vinduskarmen.
at tørkesesongen har flytta seg tru man faktisk skyldar klimaendringar, og man kan merke det vert i Kenya i området rundt Mount Kenya der jordbruk mange plassar har blitt umogleg.
Det er logisk nok at det i tørkesesongen har blitt både tørrare og varmare. Varmen har vert ganske fin men i det siste har det blitt så varmt på dagtid at man får litt vondt i hovudet og blir lett sleten. Ironisk å sei at det er varmt i Afrika, men ja..:p Uganda er generelt sett veldig frodig, men i det siste har veiane blitt utroleg støvete. Eg var på vei heim her om dagen på ein Boda-boda (mc-taxi) og når eg kom fram var eg så brun at eg no bare var halvparten bleikare enn lokalbefolkninga her. Eg hadde også ein fin teikning i ansiktet etter eg tok av solbrillane. Det er kanskje hellar ikkje så lurt at eg i tørketidan har velt å latt vera å barbera på ein liten stund med tanke på støvet. Eg ville bare sjå korleis eg såg ut med litt skjegg og Afrika er no ein god plass å  finne ut av det tenkte eg, men eg trur eg snart skal barbera meg igjen før eg byrjar å sjå ut som ein villmann.

A good book, a good life

Nett som i Kenya blir det mørkt tidleg. Når det er varmt og dagen, blir man fort sleten og kveldane er dermed oftast ganske korte. Man lesar litt, ser kanskje på nyhetene, nokre dårlige synkroniserte såpeseriar og så går man og leggar seg i ti-tida. Eg sover generelt sett meir her enn eg gjer heime, og eg lesar også meir bøker. Eg har lest ein par veldig gode bøker som feks eventyr frå Willbur Smith, out of Africa av Karen blixen og lokale historiar om krigen her i Uganda. I kampala er det ein utroleg bokhandel der eg fekk ein gledesorgasme når eg såg kor godt og spennande utval internasjonal litteratur dei hadde. Eg trur eg ønske meg gavekort i ein bokhandel til jul! Det er heilt fantastisk og fatisk utroleg avslappanda å sitte her ute og lesa ein god bok selv om det løper ein flokk med barn rundt og leikar.

Rabbits

Barn er det nemlig overalt her og det er ikkje tull. Uganda har ein av dei høgaste fødselsratane i verden noko som resulterar i store familiar og skular overalt. Forklaringane til dette kan vera mange, det kan feks samanliknast med babyboomen etter krigens slutt i Europa, eller forklares med den katolsk tradisjonen og at man pga av fattigdommen har mange barn som kan vera med og arbeida og forsørge foreldra når dei blir eldre. Heldigvis har man no byrja å fokusera på prevensjon og familieplanlegging også i Uganda, for det er eit problem når man får for mange barn og ikkje har nok pengar til å  forsørge dei og sende dei i skulen. HIV og AIDS er også eit stort problem, spesielt i nord-Uganda. Spesielt er det trist å høre om unge jentar som under krigen blei bortført av opprørarne, brukt som sexslavar og seinare kommen tilbake med både barn og HIV smitte frå opprørarane. Desse og barna har hatt det utroleg vanskeleg i etterkant på alle måtar.

Ein utroleg livsglede

Det er ein ting som slår meg ganske ofte og som er ganske viktig for beskrive dette området, og det er at selv om man har opplevd og gjennomgått så mykje vondt her i området, og at man ikkje levar i den heilt store rikdom, så har fol likevel ein ganske stor livsglede. Ber du meg om å beskrive området i ein setning trur eg at eg ville velt å sei at folk er utroleg vennlege.

Noko av dei beste følelsane eg har hatt her nede er når man ser alle glade barna som leikar eller når man på ein eller an måte ha kunna gleda nokon. Fantastisk flott å sjå glade barn!

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

This is my Uganda

Living life in African style

Man kallar ofte Uganda for afrikas perle, og eg kan godt forstå kvifor. Mitt fly frå Nairobi landa på Entebbe flyplass for omlag (ganske nøyaktig) 46 dagar sidan. På denne tida har eg klart å bli litt småforelska i dette flotte, men merkelege landet.

Writing about writing
Det har gått ganske lenge sidan eg har fått skreve blogg, og den enkle grunnen er at det har vore utroleg vanskeleg å få tak i ein pc til å skrive på, og ikkje minst tilgang til internett. Man kan sjølvsagt dra på nettkafe i byen, men det er virkeleg ikkje noko særlig å skrive med alt det bråket rundt seg. Eg har no klart å fatt tak i ein liten reiselaptop. Det tok sin tid og var litt av eit prosjekt, men til slutt klarte ein inder fra ein pcbutikk her i byen (der dei overaskande få, eller ingen pcar) å få tak i ein frå Dubai. Det var verkeleg månadas happening, og han var svært stolt. Ein anna ting som av og til set kjeppar i hjula for internettbruk er tilgangen på elektrisitet. Straumforsyninga her er nemlig svært ustabil. Dei fleste plassar har straum, men straumen forsvinn nesten annkvar dag, spesielt når det lynar. (og det gjer det nesten kvar natt). Den kan vera vekke ein par timar, eller fleire dagar. I forrige veka var det ein storm om kvelden, som gjorde at heile byen og store delar av nordlege Uganda var uten straum i 10dagar.Det var nokså ekstremt, eit vindu i huset vårt bleiødelagt og to tre i hagen velta. Det var veldig synd for det eine var eit flott papayatre men sykt gode papaya!

No som eg har fått mogleiken til å skrive igjen må eg ta igjen det forsømte, noko som er litt vanskelig fordi eg har så mange ting å skrive om. Eg bør kanskje vera litt meir presis, ikkje skrive so masse dritt, og få ned mest mulig med minst mulig ord. Derimot er det typisk afrikansk å bruke utroleg mange ord, og snakke utroleg mykje, utan å riktig sei noko. Anyways; dette blogginnlegget skulle eigentlig handle litt generelt om mitt nye liv her, men til no har det bare handla om det å skrive blogg. Det var ikkje heilt meininga, så lat oss gå tilbake til byrjinga.

Etter å ha landa i Uganda hadde me ein par introduksjonsdagar i Jinja, som er ein veldigfin by, med ein utroleg marknad! Her vitja me blant anna the source of the nile, plassen der nilen byrjar i lake Victoria. Den siste dagen var me og rafta på nilen. Det var heilt sinnsykt kult! Turen var ca 40km lang og inneholdt ca 8 store rappids og små fossefal. Allereie her fekk me eit intrykk av at Uganda er eit utroleg frodig og grønt land, medsykt mykje natur. Heilt annleis frå Kenya, som er nokså tørt, og relativt kaldt. (i alle fall i fjellområda)

Happy life or a hustle?
Det første intrykket var også litt anleis enn forventa, fordi Uganda verka som eit litt rikare land enn kenya, noko som er litt rart fordi Kenya er litt meir moderne utvikla, har ein sterkare nasjonaløkonomi og har vore stabil i lenger tid. Men det visar seg at i Kenya er det stor forskjell blant dei fattige og rike. Man har ekstremt fattige og ekstremt rike. I Uganda er man meir relativ fattig, og det er færre ekstremt fattige og få folk som verkeleg sultar. Folk bur generelt sett under betre forhold. Her bur man anten i hus eller hytter som i alle fall er bygga av murstein og ikkje av pinner og jord. Det betyr sjølvsagt ikkje at livet er ein dans på rosar, og det er mange som sliter.

Off to the North, a previously troubled a region
Etter introduskjonen drog me avsted til våre arbeidsplasseringar og nye familiar. Me er 4stk som held til i gulu, som er den tredje største byen i Uganda og ein hovudstad for nord-Uganda. Selv om det bor ganske mange folk her, får man ikkje verkeleg intrykket av at det er stor by, eller ein by i det heile tatt eigentleg. Nordlege Uganda er nokså forskjellig frå resten av Uganda, både geografisk, kulturrelt og økonomisk sett. Området berar tydeleg pregav krigen som har herja her når LRA, Lords Resistance Army med Joesph Kony terroriserte folket frå åttitalet fram til 2005. Denne konflikten vil eg gjerne skrive om ved eit seinare høve, for eg møtar stadig folk som fortellar dei mest utrolege hsitoriane frå denne tragedien. Blant anna folk har blitt tatt til fange som barnesoldatar eller barn som har mista sine familiar i krigen. I alle fall har området bare nyleg kommet på beina igjen, og mange folk har forst dei siste tiåra kommen tilbake frå anten flyktningleirar eller plassar i sørUganda. Man kan ikkje sjå at dette har vert krigsområdet, og på utsida ser alt bare flott og fredeleg ut, men kjem man tettare på merkar man tydeleg korleis det har påverka folk.

A hot and bumby ride
Bussturen hit var litt av ein tur. For det første var det ein del forhandlingar om prisen (man forhandlar om alt i afrika, og det er ein kunst i seg sjølv!) men bensinprisen hadde vist steget, og selvsagt har prisen lett for å bli litt høgare når man er lysare i huden enn den gjennomsntillege afrikaner. Bussruter finnes ikkje i Uganda, man finner ein buss som skal til den plassen men skal til, så ventar man til bussen er fylt opp med folk, og da kjørar den. Man kan gjerne vente 0,5-2,5 time til bussen er fylt opp. Den skal også vera skikkeleg full! Når den forst byrjar å kjøre er det ingen hyggetur. Det er trangt, varmt, man svetter og det humpar forferdeleg. Den kjører ganske fort, gjennomsnittleg 80-100km/t, og det er stor touringcar! Problemet er bare at den stoppar ganske ofte sånn at folk kan kjøpe forfriskningar og mat frå vinduseljarene. Frå gata blir alt stappa inn gjennomvinduet, frå steikte maiskolbar til levande kylingar! Eg kjøpte noko kjøt ein gang, noko eg angra på dei to neste dagane fordi det førte til hyppige toalettbesøk. (fleire detaljar seinare) Mannen ved sidan av meg kjøpte ein hane i gave til dei han skulle besøke.

Vel framme etter mange timar i buss kom me til gulu og våre nye heimar. Me bur eit stykke utanfor byen ca 10min å kjøre med bil/mc. Plassen heitar “For God”, namnet har det fått fordi det er landsbyen rett ved sida av Ugandas nest største katolske Katedral. I området er den kristne tilstedeværelsen ganske stor, i form av kyrkjar, nonnar, prestar og kristne skular. Kyrkja har ein finger med i spelet i dei fleste ting her, og eg har fått oppleve noko morsomme ting pga det. Det og min rolle som ikkje spesielt religiøs person her kjem eg tilbake til.

My home is your home
Eg og Ellen frå Dannmark bur samman med ei ganske ung, kjekk og moderne dame som heitar Stella. Ho arbeidar mykje, men er også kjempe koseleg å snakke med om alt mulig, ho lærar oss ting og tar oss med til sine vennar. Ho bur åleina, sjølv om me fekk veta i byrjinga at det skulle vera ein stor familie. Dette gjer eigentleg ikkje noko for me delar hage og nærmast hus med nabofamilien der også dei to andre frivillige bur. Den familien er litt av ein samling med fantastiski og spesielle personar. Me er nesten like ofte der som heima, og det er alltid så mange kjekke barn der. Barna og folk generelt går bare overalt, og det tok lang tid ffør me fekk noko lunne oversikt over kven som tilhørte kvar. Spør man om folk er i slekt, eller om det er deira barn svarar dei ofte ja, selv om det ikkje er sant. Det er ein ekstrem åpen og vennleg kultur og folk besøkjar kvarandre heile tida. Etter 5 veke her, møter eg fortsatt nye folk rundt vårt eige hus.

More is comming!

Posta under Uncategorized | Éin kommentar

My last days in Kenya, next stop Uganda!

Utrykket tida flyr er kanskje litt oppbrukt, men eg føler likevel at det passer å bruke det no. Eg har kanskje ikkje vert den flinkaste å oppdatera bloggen min med tanke på at eg fortsatt har 3 vekar med opplevingar eg ikkje har fått delt med dykk enda. Heldigvis har eg min kjære moleskinbok med memorarar som eg kan gjera offentleg ein vakkar dag.

Prepararing for departure

Dei neste par dagar blir ganske hektiske, det nærmar seg nemlig avreise til Uganda! Eg gleder meg veldig, men er også veldig spent. Spesielt på korleis familien eg skal bo hos er, kva for ein plass det er, språket, boforholda, korleis undervisningsjobben blir, arbeidsplassen osv. Me veit ikkje så veldig mykje enda, bare at me sju som drar til Uganda skal ha ein par introduksjonsdagar i Kampala og Jinja før me drar til våres plasseringar. Dei siste dagane vert no brukt til ulike typar foredrag og forberedelse til undervisningsjobben. Me var og observerte undervisningen I ein lokal barneskule her I forgårs, og i går planla me ein undervisningstime som me hadde i dag. Eg underviste saman med to andre ein time matematikk til elevar som kan samanliknast med 7-8 trinn i Noreg. Eg føler det er no det verkelege volontoeroppholdet startar!   

It might feel wrong to visit a slum as some kind of a tourist, but it is good for understanding

Det er elles ein del praktiske ting som må ordnes desse dagar, og me prøver a skyve dei triste farvellane framfor oss. I dag skal me på eit fint restaurant som ein slags avslutnigsmiddag, og torsdag skal me forhapentlegvis laga bål og grilla marshmallows med darjafolka dersom jentene har tid mellom eksamane deira. Fredag er dagen der me drar til Nairobi, der skal me først vitja  Kibera som er østafrikas største slumomrade, med omlag ein million innbyggere. Me skal til organisasjonen KCODA som er ein organisasjon som jobbar saman med Action Aid med blant anna demorati og utvikling spesielt I Kibera. Dei gjer også ut Kibera Journal som dekker diverse nyhende fra Kibera og som prøver å vise folk områdets fleire ansikt. Folk tenkar gjerne lite om korleis det er å bo I slummen, bortsett fra at det må vera forferdelig, og man har mange stereotypiar. Dei frivillige i KCODA prøver å gje ein innsikt I det kvardagslege livet I denne store slummen og få fram diverse nyhende både positve og negative. Dei har også sin eige nettv som styres fra ein internettcafe. Viss du går inn på youtube.com og søker på Kibera News Network så finn du dagleg nye klipp som absolutt er verdt å sjekke ut!

Safari means travel/journey in kiswahili

I helga som var var me på vår største utflukt, me kunne velja mellom å bestige Mount Kenya eller å dra på ein 3 dagars Safari. Eg velte det siste, det ville nok vore kult å dratt til Mount Kenya, men ogsa veldig utmattande og eg tenkte når eg først var I Kenya ville eg gjerne vitja Maasai Mara, Kenyas mest berømte nasjonalpark. Det var utroleg flott! Dei som var på Mount Kenya hadde nok også ein fantastisk oppleving men me slapp I alle fall total utmattelse, å gå på natta og slite med høgdesyke. Turen vår var faktisk ganske relaxed, men no skal det seies at det kunne me vel forvente for den prisen me betalte. Det var ein lang tur til Mara, vi blei først litt forsinka da våres guider trudde vi først skulle avsted dagen etterpå, så kjørte me til Nairobi der vi skifta til safaribil. Eg trur me hadde ein tidsrekord fram til hovudstaden og at me kryssa ekvator I ein fart som låg over hundre km/t. Tida me hadde vunnet, tapte me igjen når me kjørte oss fast I Nairobis rushtrafikk og blei stoppa av politiet til saman 9 ganger. Me blei også vitne til at kombinasjon av den kaotiske trafikken og det faktum at nesten ingen motorsyklistar her brukar hjelm kan vera livsfarlig, da ein motorsykkel og ein bil kræsje like utfor der vi spiste lunsj. Heldigvis gjekk det relativt bra med begge.

Real tourists in the weekend

Når vi kom fram fekk vi veldig god mat og bodde I flotte telt/hytte med eige bad og toalett. Heile laurdagen og søndagmorning var me på safari, og det var heilt utroleg flott! Me såg virkleg mange dyr og dei gjekk så tett på bilen! Eg huskar ikkje navna på alle typar hjortedyr vi såg men det var mange forskjellige og hundrevis av kvar. Antilopar, impala, dikdik, kudu, gazelle.. you name it. Elles såg vi tusenvis av gnuar, bøflar, giraffe, hyene, vortesvin, flodhest, krokodille, sjakal, apar, gribb, løver, gepardar, elefantar, zebra og masse fuglar! Det beste var å sjå dei I naturen, selv om mange av dyra var ganske vant til at det kjørte fleire safaribilar heilt opp I dem. Det nest kulaste var kanskje flokken med giraffar som stod sann 10m fra bilen, det er utroleg flotte dyr! Eller kanskje gepardane, for dei var vist vanskelege å spotte og me såg heile 6 stykk! Men det kulaste var absolutt løvane! Me såg så mange og så tett opp til bilen! Løveungar som leika, holøver som lag og lurte på zebrabytte og ein flokk som spiste eit dyr dei nettop hadde drept. To store hannløver som gjekk saman var så nærme som 2 m fra bilen og brydde seg ikkje om folk I det heile!! Dei er så majestetiske!

Death surrounded us

Ein anna ting som var veldig spesielt var at me kom like etter dei store flokkane med gnuar hadde kryssa maraelven på veien fra Sirengeti I Tanzania til Maasai Mara. Denne kryssinga som mange sikkert mange har sett på tv er ganske farleg da mange blir tatt av krokodillar eller druknar. No som me var der var det lite vann I elva, men det lag likevel strødd med lik langs elvebredda. Det lukta død dog fordervelse over heile plassen og det var eit merkeleg syn å sjå så mange døde gnuar, gribbane som sirkla over plassen, og mette krokodillar som låg og solte seg. Flodhestane låg også bare der og bada blant lika.  

3 of the 5

Me hadde eit håp om at me kanskje skulle sjå alle av The Big Five på vår safari, men me mangla diverre to dyr. Neshornet fekk me ikkje sett; det fines ein par I det området men dei var utroleg sjeldne å sjå, det var litt synd. Me var også heile tida på utkikk etter leopard, men dei klarte me heller ikkje å finne. Derimot fekk me sjå  gepard som egentlig er mykje kulare fordi den faktisk er verdas raskaste dyr!

Jumping with a Maasai and eating dates at a wedding

Elles vil eg bare gjera ei lita oppramsing av andre kule ting eg har gjort I den siste tida her på plattformen, som er så utrole eg må utdype dei meir seinare! Eg har for eksempel vert I dowrymeeting og muslimsk minibrylaup til dattaren til Swahili laeraren vår! Eg vitja ein del lokale familiar og laga mat saman med dei I ein liten jordhytte! Eg har også vert ein del I byen Nanyuki der me har møtt lokale ungdommar og snakka med om det å vera ung I Kenya, utdanning, og korupsjon. Me har vert og sett på ulike næringsdrivande I området og lært veldig mykje om det lokale samfunnet. Me har hatt besøk av Maasai krigarar som snakka om deira levemåte og lærte oss å dansa som krigarar rundt eit stort bål. Me laga film om det å tvera ung I eit u-land. For to vekar sidan var me også ute I byen, på restaurant og deretter på utested. Det kenyanske utelivet var ein veldig spesiell opplevelse! Me har også deltatt I eit treplantingprosjekt og eit lokalt youthforum som var veldig interessant. Besides har me selvsagt prøvd å lære litt Swahili og fått undervisnining I bl.a. kultur og litt historie.

Det har vore nokre interessanteog lærerike dagar! Eg håpar at alt står bra til der heime I Noreg! Kan tenke meg at det byrjar å bli haust, det slepp eg heldigvis!

Viste du forresten at det seies at hår, neglar og skjegg voksar fortare I eit varmt klima? No er det ikkje så ekstremt varmt der som eg er, men eg tror likevel at eg merkar det! I alle fall paa neglane!

For dei interesserte; verdens beste milkshake finn du I ein liten fransk kafe, Boulangerie I Nanyuki Kenya!

Meg saman med nokre barn frå landsbyen

This slideshow requires JavaScript.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Habari gani?

Sola lysar opp den raude jorda og byrjar så smått å varme. Det er likevel ganske kaldt her, litt rart sidan eg befinner meg ganske akkurat på ekvator, men forklaringa er at me bor på ca 2000m høgd, i eit landskap som er ein del av Mount Kenya masivet. På dagtid blir det likevel behagelig varmt.  Eg har stått opp tidleg idag, nettop med det formålet å få skrevet noko til dere heime. Me har hatt eit ganske tett program, og fristundane har me stort sett brukt til sosiale aktivitetar.
Men her kjem litt om mine første to fantastiske vekar i Kenya. Eg håpar eg ikkje blandar alt for mykje dansk/engelsk/swahili for man har lett for å bli alldeles spåkforvirra her.  Ikkje alle maskinane her har norksebokstavar, teksten kan difor vera litt merkelig fordi eg har skifta pc litt. Kvar dag her har gitt meg noko nytt.

For å få mest mulig ut av tida eg skriver delar eg dette innlegget opp i små kapitlar som kvar for seg tar for seg diverse inntrykk eller tankar og opplevingar.

Medan me er her på plattformen går det på omgang at nokon skriver ein blogg om kva me gjer for MS. Nokre av desse inlegga blir fortløpande lagt ut på http://msplatform-kenya.blogspot.com , så også her kan du lesa litt meir om kva me gjer. (Dette er på dansk)

Flaggheising og nasjonalsang
Kvar mandag og fredag er det offisiell flaggdag på skular i Kenya. Mandag 6 sep. var første skuledag for jentene på daraja acadamy etter ein ferie pa to vekar og eg stod opp klokken 7 for å sjå på flaggheisinga og høre pa jentene som sang nasjonalsangen. Det var ein fin start på dagen.
Daraja Acadamy blir drevet av det amerikanske eksteparet Jason og Jess, som er virkelege idealistar. Dei starta skulen for ein par år sidan med mål å henta flinke jentar fra forskjellige plassar i landet, som eigentleg ikkje ville hatt sjansen til å vidareutvikle evnane sine, og gje dei mogleiken til å utdanne seg vidare og fylle opp draumane sine.
Jentene har eit utroleg høgt utdanningsninva, pa lik linje med vidaregåande i Noreg. Dette fekk eg merka da me forrige tysdag skulle vera med dei og studera hjelpa med leksane. Eg var i ein matteklasse, og blei virkeleg satt på prøve med vanskelige problem pa nivå med R1 og R2 i noreg.
Det var utroleg kjekt å jobbe saman med dei og det var nyttig for begge partar. Eg kunne lera dei nye metodar og dei meg. Sidan dei ikkje brukar kalkulator er dei sykt kjappe i hovudrekning!!
Du kan finne heimesida til skulen dersom du søker på Daraja Acadamy. Her kan du sjå litt bilete. MS-plattformen delar campus med skulen og det er veldig mange frivillige innom her. Ein flott plass med godt miljø.

Mini gamedrive/ matatu rally
Eg har sett mine første giraffer! Det vanlegaste framkomstmiddelet her er ein matatu, som er ein liten varebil, gjerne av typen hyundai eller toyota, som dei har bygget inn sa mange seter som mulig (13-15 personar). Det fungerar som ein slags taxi man kan bestille eller bare hoppe på dersom man skal ein plass.
Me er ein gruppe paa 26stk og pleier a bruke to matatuar til a komme fra a til b, forbausande nok går det bra med tanke på plassen og at dei ikkje heilt nye bilane så vidt henger saman. Søndag 5.sep dro vi på ein slags minisafari med desse matatuane her i nærområdet, og det var ein utroleg oppleving!
Veiene me kjørte hadde generelt lavare enn darlig standard og man måtte skrike for a overdøve lyden fra den skranglete bilen og den defekte eksospotta. Det var ein utroleg sjarm og fantastisk oppleving. Naturen var verkeleg fin. Ein safari handlar selvsagt om å spotte dyr, og det gjorde me; me sag diverse impala, hjortdyr, zebra, aper, dromedar og kyr. Dei to sistnevnte var tamme. Hogdepunktet var likevel giraffane! Me klatra halveis ut av vindauga for a fa det beste bildet, noko som var litt vanskeleg. Flotte dyr og utroleg at til tross for den lange halsen er dei flinke å gøyma seg bak trær!Me avslutta turen når det byrja å skumre sånn i sjutida.

Dark evenings
Her varer skumringa kanskje i 5 min, sa er det mørkt. Og nar eg seier mørkt sa meiner eg mørkt. Eg er fotsatt fasinert over at eg kan ligge å vifte med henda om natta utan å sjå dei.(Ikkje sjå det for deg) Det er heilt likt å ha auga åpne som å ha dei igjen. Men ute er det ein fantastisk flott stjernehimmel, sjølvsagt heilt annleis enn den i Noreg.(dei som ikkje skjønner kvifor bør ta ein ny geografitime)
Det er spesielt flott sidan det er så lite lysforureining her, og Viss det er klart ser man også melkeveien som ein tydeleg kvit stripe over himmelen. (Har i alle fall blitt fortalt at det er melkeveien, og eg har ingen anna god forklaring) 
Om kvelden har me fra MS det veldig sosialt saman. Det går mykje tid til ulike spel, sang og snakking rundt oljelampar. Det er fleire musikarar i gruppa så det er veldig god stemning om kveldane. Det går spesielt mykje i heimalaga blues, pink floyd og beatles. Trivial Pursuit er også fast innslag når mørket senkar senkar seg bak dei afrikanske trea og tornebuskane. Elles er det god tid å sitte å lese med ein hovudlykt. Eg har nett lest ein veldig interessant bok av Henning Mankell med hans tankar om Hiv og Aids, og begynt på boka Life of Pie, som vistnok skal vera veldig bra.

Global Platform fasilitatar
Det er veldig gode fasilitetar her, svært god standard, fine sovesalar, mjuke sengar osv. Me er nok ganske heldige! Om dagen er det ustabil straumforsyning fra solpanelar og om kvelden kjører generatoren til klokka ti. Den første veka var det ein snegle på doen, som holdt oss med selskap, men denne har no forsvunnet. Insektlivet på badet er elles veldig tamt bortsett frå diverse dyr med vingar og ein flaggermus ein kveld. Me har skikkelege gode dusjar og dersom du dusjar seinare enn klokka 12 er regnvatnet varma opp. Eg dusja om morninga ein gang, etter ein joggetur, og det var noko av det kaldaste eg har opplevd i mitt heile liv. Å jogge i eit afrikansk landskap var forresten veldig flott, men det var ogsa tungt. Sjølv om trur eg har ein elendig kondisjon veljar eg å skylde på at me er pa 2000m hogd.
Dusjvatnet samlar me i bøttar til å  skylle ned doen. Dette med vatn er ein heilt spesiell ting, og først no ser eg kor lite me egentlig setter pris pa den overfloden me har på reint vatn i Noreg. dei rensar vatnet for oss, men det er som oftast lunka. Det var utroleg godt å dra til byen for å få seg noko kaldr å drikke. Afrikansk øl (Tusker) smakar ganske bra.

Jippi, Ugali!
Maten er ogsa ganske god, men man må bli vant til at det er mykje ris og bønner. Det er kjøtt ein gang i veka! Eg har ogsa blitt glad i grauten/vellinga me får saman med ein slags frityrsteikt smultring (mandasi). Elles er det ein del egg, banan, kål og Ugali som er maismel blanda med vatn. Einaste som ennå er litt uvant er søtpotet til frukost. Trur faktisk eg etar mykje meir her enn eg gjør heime. Har ogsa blitt vant til at kyllingane bare springer laust rundt i matsalen og kjøkkenet.
På vei til matsalen her om dagen stod det nokre kyr i veien, og eg som bondegut tenkte at dei skulle no eg klare å jage unna. Det viste seg at kenyanske kyr var litt sintare enn norske og me måtte finne oss ein vei rundt.
Til dei av dykk som er interesserte i fuglar, så kan eg fortella at det er eit ganske rikt fugleliv her. Eg har sett både gule, lilla, blå og raude! Litt vanskelege å ta bilete av fordi dei er ganske sky.

A typical african home
Me har vore ein god del ute her i nærområdet og besøkt lokale familiar og stammar. Det er utroleg flott a komme tett på og snakke med dei om kultur og levemåte. Mange er veldig vennlige og åpne. Stort sett dei fleste lever i fattigdom og mange i standardar som me ikkje kan forestille oss. 
Folk har stort sett lite ting og bor i små hyttar. Den afrikanske byggjematen er stort sett ei hyllest til fantasien, men gjer eit tydeleg ytrykk for den elendigheten mange bor i. Hyttane er stort sett bygde av leire, kudrit, halm og bølgeblikk
Store familiar bor gjerne i eit lite omrade. Likevel tar dei oss gjerne imot og visar oss stolte rundt. Dei visar oss geita si, kornet dei nett har høsta og hjemmebrenten dei holder skjult for regjeringa.
Når man går rundt her tenkar man mykje. Ein del av desse menneske levar eit ganske greit liv, også fordi dei veit lite om andre levemåtar. Men fleirtalet har det ikkje bra. Life is a hustle for many. Det er no man skjønner at det å være født i eit rikt vestersk land, er som å vinne i lotto. Du har sikkert hørt det før, men me har verkeleg ein god grunn til å sette pris på det me har. 

Local Tribes
Det blir sett enorm pris på naar me har lært oss noko om deira kultur og for eksempel satt oss inn i dei lokale stammane og deira verdiar.
Det finnes mange forskjellige folk som lever side om side i Kenya, med forskjellige levematar, religionar og yrkesgruperingar. Til saman finnes det 42 stammar i Kenya som er delt opp i 3 hovudgruppa: Bantu, Nilote og Cushite. Bantuane er kristne og levar tradisjonelt sett av jordbruk. All jordbruk er delt inn i anten cashcrops og foodcrops. Cashcrops er dei vekstane som dyrkes til eksport som f.eks kaffi, bomull eller blomstar. Nilotane er også kristne men dei levar stort av dyrehold. Eit eksemempel på ein stamme som tilhørar Nilotane er ein av dei mest kjendte i Kenya, nemlig Masaai, som også er eit urfolk. Cushitane er muslimar som også lever av dyrehold.
Alle desse stammane er ulike. Det har vore svært interessant a lere om ulike vaner, familieforhold, reglar kring ekteskap osv. Mange av religionane er tilpassa etter eldre afrikanske naturreligionar. Me har ogsa fått ein god innføring i kenyansk historie.

Learning Swahili
3 dagar i veka har me swahili-timar. Me byrja med heilt basic helsingar osv. det er ikkje så vanskelig. Det blir satte stor pris på om man her kan helse, og ta nokre basic introduksjonane om kor du kjem fra og kor gammel du er på swahili.
Me har no byrja a lare om Swahili gramatikk og setningsoppbygging, det er litt verre…. Det verste er å huske gloser, fordi språket er så ulikt. Det blir spennande a sjå om eg klarar a lære meg noko og om eg får bruk for det. For i Uganda er swahili bare delvis utbredt. Der er som i Kenya, engelsk det offisielle språket og swahili eit nasjonalt språk som brukes som linguafranca mellom ulike stammespråk.
Eg trur dei fleste har fatt med seg litt swahili utan å vera klar over det fra løvenes konge filmane. Rafiki betyr feks. “venn”, hakuna matata betyr “alt er ok”, og simba betyr “løve”.
Standard helsing er “Jambo! Habari Gani?” Hei, korleis går det? som man svarar pa med “nzuri sana”.

We try to understand
Utanom Swahili lærer me mykje anna interessant på plattformen og diskuterar kring forskjellige tema. Mange av desse tinga trur eg, eg kjem til å skrive om seinare. Tema me har voere inne på er feks. religion, kvinneleg omskjæring, globalisering, stammekonfliktar, frivillighet, fattigdomsturisme, sosial aktivisme, social change, kva utvikling eigentleg er og ulike kriteriar, kva er fattigdom, grunnar til fattigdom, kvifor folk ikkje kan komme ut av det, skeiv verdensfordeling, og hiv/aidsproblematikk.
Alt i alt veldig mykje interessant altså!

Playing with local children
Afrikanske barn eller ungar; eg skal jobbe ein del med dei framover, så det kan godt hende eg kjem til å skifte meining, men dei er utroleg morsomme. Som ein anna her sa; “di svartare, di søtare”. Mandag 6 sep dro heile gruppa frivillige inn til den nærliggande landsbyen for å “leike med lokale barn”. Det var det som stod planen og det var akkurat det me gjorde!
Increadible! Når me kom di storma det ein stor flokk med barn mot oss i alderen 4-15. Alle ville ha oppmerksomhet, og eg trur nettop den oppmerksomheten dei fekk blei satt ekstrem stor pris på. Kor mykje oppmerksomhet dei elles får veit eg ikkje. Dei var veldig interesserte i alt mulig, dei ville sitte på ryggen, kasta ball, osv. eg kasta ball med ei gruppe og det var verkeleg morsomt. Når man så var så sliten at man måtte sette seg, blei man til eit slags klatrestativ fordi alle ville sitte på fanget. Eg trur sidan dette var første gangen og eg ikkje pleier vera så mykje barn at det bare var gøy, men det kan nok bli slitsamt i lengda, og viss man skal jobbe med barn må man nok finne ein balanse. ein plass må man sei, ok, no har me leika nok, no må me ta det med ro.
Energi har dei nemlig nok av! Det anbefales å ha minst mulig smykkar eller lause ting på seg, da dei verkeleg vil sjå og kjenne på alt. Spesielt lyst hår er veldig interessant. Eg var heldig sånn sett, sidan eg har kort hår. Langt blondt jentehår er så spesielt at man bare må ta på da.
Ein liten gut som sat ved sida av meg, var spesielt interessert i henda mine, fordi dei var så lyse. eg var også litt redd at han skulle begynne å dra i beinhåra, noko han heldigvis ikkje gjorde. Nokon av dei litt eldre kunne engelsk men med mange av det små stoppa kommunikasjonen etter å ha fått vite navn og alder. Den stoppa i alle fall fra min side.
På ein måte kan alle desse ungane virke utroleg like, mest fordi me ikkje er så vant med å sjå mange mørkhuda barn og fordi så mange har heilt like ansiktstekk. Likevel er dei veldig forskjellige når man ser meir nøye på det, og i allefall i oppførsel. Nokre er litt redde, andre hyper, super interesserte, frekke, sjenerte, osv. Det var verkeleg ein morsomm opplevelse.

Shakira sangen!
Du har sikkert hørt den. Waka waka, this is Africa. Shakira har ein ny hit. I alle fall i Afrika, fordi eit fleirtal av afrikanske barn eg har sett syng på denne. Den blei også spelt med jamne mellomrom på barne me har vært, ein spesiell historie eg sparar til neste gang. Men i allefall utrulig løye, og det er ikkje tvil om kva sang som settar seg mest på hjernen.

Eg har ennå ikkje gått tom for ting å skrive om, men gir meg her for no, inlegget blei passe langt. Eg har heldigvis for mi eiga hukkomelse notert litt i ein dagbok kvar dag. (eg har ennå ikkje funnet navn til dagboka mi, så her set eg stor pris på innspel. Kitty er litt oppbrukt)

Baadaye!

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget